Informasjon

Nelly Halsvik

  • 14.02.1923 - 09.11.2017

Nelly vart fødd 14. februar 1923 på Sognnes. Foreldre Mathea og Torstein. Ho var den eldste av 8 søsken, og vaks opp på ein gard der alle måtte delta i gardsarbeidet.  Ho tok handelsskule på Nordfjordeid, jobba som hushjelp og butikkhjelp i Bergen og seinare i butikken på Skjerjehamna. Så traff hun draumeprinsen Sverre ... han budde på Sognnes under krigen mens han jobba på Nesje. Dei gifta seg på Sognnes 22. juni 1946. Flytta til byen og budde i Ytre Arna til dei i 1947 måtte reise heim og overta småbruket i Halsvika ... eit gammeldags og tungdrive bruk som dei ikke kunne leve av utan tilleggsarbeid. Der fekk dei 3 born i løpet av dei 3 første åra; Hugleik, Margunn og Tore. Så hadde dei ein pause i tre og et halvt år før dei fekk neste serie på rekkje og rad; Jarle, Rune og Bjørn Asle. Småbruket i Halsvika var for lite til å fø ein familie på 8 + svigerforeldre på kår. Sverre måtte derfor jobbe utanfor garden i store delar av året. Det vart Nelly som måtte drive garden saman med svigermor og borna.  Det er ingen tvil om at det sleit på ekteskapet å leve på denne måten. Sjølv om ho og Sverre hadde fine periodar saman ... og det var mykje liv og røre ... spesielt om somarane med mange familiebesøk midt i slåtten ... så var det ikkje lett for dei to å få "kvalitetstid" saman i løpet av korte helger der alle oppsamla problem skulle løysast. På midten av 60 tallet flytte dei tre eldste borna ut og begynte på skule og arbeid. Og ho tok over ansvaret for postopneriet. I denne perioden tok ho postskulen som brevkurs. I 1969 var det slutt på postopneriet og gardsdrifta, og ho flytta med dei tre yngste til Langegården på Fjøsanger, der Sverre og dei 3 eldste allereie budde.  Sommaren 1969 kjøpte dei draumeplassen Evaneset ... på byfjordsida av Florvågøen med sjø på tre kantar ... og flytta dit sommaren 1970. På Evaneset stod ei stor hytte som dei bygde om til hus. Der hadde dei eit godt liv ... kor dei samla familie og nye vener rundt seg. Nelly fekk seg jobb på Narvesenkiosken på Kleppestø, eit travelt trafikknutepunkt der ho stortrivdes og jobba fram til pensjonen. Nelly var spesielt glad i hage og blomster. I Halsvika hadde ho den finaste hagen i bygda. Nå ho kom til Askøy begynte ho på bar bakke kor ho omgjorde svaberga til blomstrande hager. Ho jobba i hagen kvar einaste dag når ho var heime.  I denne perioden vaks familien frå 8 til over 50 (barn, svigerbarn, barnebarn og oldebarn). Nelly var stolt av, og stortrivdes med sin store familie som ho held nær kontakt med like til det siste. Nelly likte å reise. I 1983 reiste ho og Sverre til Australia og besøkte Hugleik i Melbourne og ein fetter av Sverre i Adeleide. Etter å ha vorte pensjonist begynte Nelly og Sverre å reise til "syden". Spesielt Puerto del la Cruz på Tenerife. Der hadde ho to systre; Martha og Gunvor. I begynnelsen var Sverre skeptisk til å reise, men han fekk beskjed om at enten vart han med eller så reiste ho åleine. Nelly og Sverre var svært sosiale og utadvendte og fekk lett gode vener. I Puerto de la Cruz stortrivdes dei med mange gode vener og eit godt liv. Dei fortsatte å reise til Tenerife kvar einaste vinter til Sverre døydde i 2000. Deretter fortsatte Nelly å reise åleine. 80 årsdagen feira ho på Tenerife i ei veke med familie og vener. Ho spanderte "sydentur" på familien. Sjølv om ho stort sett var frisk, hadde ho nokre turar innom sykehus på Tenerife. Så hadde ho nokre turar innom sykehus i Norge for å skifte ut ein del av leddene i bein og armar med stål. Ho vart ikkje liggjande lenge før ho var på beina og gjekk lange turar.  Når ho var heime reiste ho på pensjonistturar rundt i Norge og store delar av Europa. Ho hadde ein tur til Thailand og feira bryllup ... ho var på Svalbard og feira bryllup og barnedåp. 90 årsdagen feira ho med ei helg på Lindås med heile familien ... rundt 50 etterkommarar. Å overleve barn og barnebarn er ikkje lett å bære. Først mista ho barnebarnet Bianca i ei trafikkulykke i Australia, så dotra Margunn, og til sist barnebarnet Morgan. Dette var tung for henne. Siste langturen til Tenerife hadde ho i vinter. I sommar hadde ho ein "liten" pensjonisttur til Søreuropa. Ho var stort sett oppegåande og frisk like til nokre dagar før ho døydde ... og hadde planar om å reise sydover når ho hadde får ordna med det lave blodtrykket som ho hadde vore plaga mede dei siste månadane. Og ho hadde planar om ein stor familiesamling for å feire 95 årsdagen neste år.  

Bestill blomster Blomster
Order flower De-activated