Eg lærte Øystein å kjenne frå midt på 90-tallet, og sjølv om vi ikkje treftest så ofte er eg glad for at eg også fekk ein periode før han vart sjuk.
Eg kjem til å huske Øystein som ein mann med humoristisk sans, ein som humra godt over ein god kommentar.
Ein mann som likte å diskutere, og derfor helst ville at vi skulle være uenige, men som også tok gode argumenter med eit "jo jo, det er nå så."
Dei beste minna har eg frå dei 2-3 turane på Tysnes, der han var særlig opptatt av å være ein god vert. Enten det var husly, mat eller aktiviteter det var snakk om. Og enten vi hadde med oss ein tenåring med gitar eller to aktive smågutter. Han brydde seg om dei unge og synst det fulgte underholdning med dei. Eg husker korleis han stilte vekkerklokka på ein tidlig søndag for at guttane skulle få sjå på barnefilmer. Det var også han som lærte Espen å kaste med stang på Tysnes, og viste då ein stor tålmodighet. Å kunne fiske var eit must, også for barn.
Takk for alt og takk for dine fine døtre!