Ein god venn har gått bort.
Eg jobba sammen med Olaf i Byggnester O. Ådnekvam AS tidlig på 1980 tallet. Vi vart kollegaer igjen i 2007 gjennom medlemskap i Systemhus Norge AS der vi stifta selskapet STT Prosjekt AS. Dette var eigd av Trio Bygg Bergen AS, Straume Mesterbygg AS og Ing. Taule AS. Her var Olaf med sin store fagkunnskap og erfaring frå byggeplass ein av grunnane til suksessen vi hadde. Vi hadde mange fine stunder både på jobb og på reiser der vi også hadde med oss våre ektemaker. Dette førte til eit varig vennskap. Olaf var god til å fortelje historier og spesielt versjoner av Petter Solberg engelsk er artig å tenkje tilbake på. Olaf var ein lågmælt mann og gjorde ikkje mykje ut av eigen person. Det var lett å snakke med Olaf og eg vil savne samtalane vi hadde sammen over kaffikoppen. Tankane går no til Ingfrid med familien som har mista ein god mann, far og bestefar. Takk for ditt gode vennskap og kvil i fred.