Eg vil på vegne av Heiarvang grendalag og grendahus få takka ein heidersmann for engasjementet og arbeidet han har lagt ned i drifta av huset og laget gjennom mange år. Eg trur det må vere rundt 65 år til saman.
Det var ungdomslaget Framhald og ungdomshuset som var Roald sin hovudarena. Eg møtte han for over 50 år sidan på dugnader i ungdomshuset. Skulle vi ha festar i huset var han ein sjølvskriven kokk og betasuppa hans var berømt langt utanfor bygdene våre.
På 1960 og -70talet var han primus motor for leikarringen og folkedansarbeidet i ungdomslaget. Det var alltid så triveleg å vere med på øvingane og dei sosiale samlingane vi hadde og Roald sin lune humor og evne til å få andre med seg. Vi er fleire som har lært svært mykje om lagsarbeid frå han.
Også etter at ungdomslaget vart nedlagt og grendalaget tok over, var Roald med på dugnadsarbeid mellom anna med å gjere lage til toaletta i kjellaren. Til sist vart det helsemessige orsaker som gjorde at han ikkje kunne vere med på dugnad lengre, men han deltok heilt til det siste som gjest på voksentreffa og andre tilskipingar i laget.
Vi vil sakne han, men vi har mange gode minner og eg trur han vil verte omtala med respekt i mange år framover.
Takk!
Øyvind Haugland
Styreleiar
Kjære onkel Roald.
Vi vil alltid huske ditt milde og fine vesen. Alltid blid og i godt humør. Huset i Haugen var åpent for alle og mange tok turen innom.
Du vil bli sakna av mange, men vi har gode minner å ta med oss .
Takk for mange gode minner .
kjæreste Roald..takk for koselige stunder ,lune smil mye latter...
hvil i fred
gode klemmer fraVips og Kjell❤️❤️
Roald
Så var du borte , borte for altid, men du blir aldri glemt . Du var en bauta i ungdomsmiljøet her i bygden i alle år. Med ditt lune vesen ,godhet og gjestfrihet ble du alles venn.
Gode minner strømmer på .
Takk for alt kjære. Roald
Hvil i fred.
Ingebjørg